[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Bok: Tore Nedrebø: Den tyske Utfordringa. Tyskland, Noreg og det nye Europa.

Det Norske Samlaget, Oslo 1995

Tyskland sin veg tilbake

Etter 1989 har det kome stadig fleire teikn til at historia vender tilbake til sitt opphavelege heimland Europa. Og dei er ikkje alltid like lett å tyde for den framtida som no opnar seg framfor oss blank og løyndomsfullt ubestemt.
Den amerikanske filosofen Fukuyamas diagnose om at historia tok slutt med den liberale kapitalismen sin siger, passar eigentleg betre på den bipolare verda før 1989. At dei fastfrosne strukturane framleis ser ut til å hindre vårt europeiske utsyn og det historiske medvitet om den verdsdelen vi er vevd inn i, viser mangelen på historisk innsikt og interesse sentrale politiske og mediamiljø i Noreg avslører i sine tolkingar av vår europeiske omverd. Ikkje minst gjeld dette eit så myteomspunne land som Tyskland. Alt for mange meiner at dei veit meir enn nok om denne viktigaste europeiske staten etter 1989. Boka Den tyske utfordringa, forfatta av byråsjef i Utanriksdepartementet Tore Nedrebø, er i så måte eit heiderleg unntak. Med denne oversiktlege og lettleste boka leverer han eit viktig bidrag til å forstå aktuell tysk politikk og til å nyansere debatten om vårt eige forhold til Europa. Eit aspekt som eg straks vil trekke fram er at dette ikkje er enda ein av desse uleselege og kjedelege amerikansk-inspirerte statsvitenskapelege "policy-analysar", som blir spydd ut frå dei etblarte insitutta. Boka er metta med historiske detaljar utan å verke overlessa. Og Nedrebø anstrenger seg verkeleg for å setje komplekse dagsaktuelle debattar og hendingar i europeisk politikk inn i eit forståeleg historisk perspektiv også for den som ikkje har spesielle kunnskapar på førehand. Dette er ei bok til å få god innsikt i tyske Europapolitikk på utan å måtta gå vegen om intensive nærstudiar.

Sjølv om det offensive elementet i tittelen kan bringe assosiasjonane i retning av den nære etterkrigstida sitt tradisjonelle Tysklandsbilete, så er det nettopp dobbeltydinga i denne tittelen som er Nedrebø sitt hovupoeng. Det er Tyskland som har gått gjennom den største endringa etter1989, men det er samstundes i Tyskland den politiske kulturen i størst grad har vore forma av etterkrigstidas bipolare orden, og kor tanken om samlinga av Europa sterkast har markert eit definitvt brot med dei politiske tradisjonar frå før1945. Tyskland er på same tid både den første postnasjonale staten i Europa og den nye nasjonalstaten etter at muren fall. Det den kjende historikaren Eric Hobsbawm i si siste bok kallar «det korte dramatiske 20. hundreåret» er difor fortetta i det tyske rommet på ein særleg intensiv måte. Alle dei tyske fortidene står i eit spenningstilhøve til kvarandre og krev sin rett av ettertida. Ingen enkle nasjonalhistoriske mytar kan difor bortforklare desse dynamiske brotsonene. Dette skaper naturleg nok stor utfordringar for tyskarene sjølve, men også for det europeiske samlingsprosjektet dei meir og meir framstår som hovudaktør i.

Den tyske utfordringa er på same tid den europeiske utfordringa. Nedrebø har via to kapittel til til Tyskland sitt forhold til Noreg og Norden. Den vekslande orienteringa mot vest og sør frå dei tidelgaste tider dannar leidetråden for Noreg sitt forhold til Tyskland. Den "patriotiske liberalismen" fekk vi vestfrå frå England. Medan det nasjonale gjennombrotet seinare på attenhundretalet var av tysk modell. Nedrebø skriv likevel mest interessant om etterkrigstidas lange og nølande forsoningsprosess etter krigen, og Noreg si nye orientering mot sør i dei seinare år. Hallvard Lange og Willy Brandt si rolle blir framheva, og etter nittensyttiåra blir Noreg sitt forhold til Tyskland "demonstrativt normalisert". Etter 1992 er Tyskland den viktigaste handelspartnaren for Noreg. Og i medlemskapstingingane før folkeavrøystinga 28. november 1994 er Tyskland sterkaste støttespelar for Gro. Elles er det verdt å merke seg at dei kulturelle impulsa ikkje berre går ein veg. Meir norsk litteratur blir oversett til tysk enn frå noko anna germansk språk. Jostein Gaarders suksess er i så måte typisk. Alt i alt er dette ei interesant og lesarvenleg bok for dei som vil orientere seg om dei storpolitiske utfordringane vi faktisk er ein del av.

NILS RUNE LANGELAND

Illustrasjon: Lasse Kolsrud

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
[ Hjem ][ Søk ][ Hjelp ] [ Teasers | Perspektiv | Aktuelt | Kritikk ]
Artikkel automatisk generert, 11/01-96, kl. 19.19 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © 1995-96, Morgenbladet og Schibsted Nett AS.