[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

TEATER: Franz Kafka: Prosessen

Regi: Kjetil Bang-Hansen
Rogaland Teater, hovudscenen

Kafka som orgiastisk mare

I eit vev av glas og tyngande betong, stålblanke byråkratdører, punkerå sex, orgiar og oppblåsberr vaskedame, eit virr kring i metropolis, og rettskoridorane, ordninga, prosessane som mel, byråkraten, dommarmøtene i rall og hor, usynlege klagarar, den strame svartkledde marionetten, pliktoppfyllande, Josef K.
Og slik lesarane hugsar det; Prosessen, den nøkterne, usemtimentale, dei detaljerte skildningane, angsten som smyg seg på, teksten, tekstvevet som syg og syg. Men som teater, noko anna? Ja, det er noko anna, Prosessen, Rogaland Teater, er noko anna, skal vera noko anna, men kjensla, likevel noko av det same, mara som siklar seg, fram mellom benkeradene, mellom pels og diamantar. Kafkaomsetjar Trond Winje har laga drama av romanen. Kjetil Bang-Hansen har instruert. Premiere førre onsdag på Rogaland Teater, i sirkusrytmer og balladesoft saks, gneistrande ekspresjonistiske lysstråler, ei veldig betongtyngd over scenen, og spede, unge, bleike Anders Dale, som Josef K.

Ei mare er det blitt, scene på scene med synskvervingar, forstørra, henta like inn frå sjapper og smau, dei villaste, dei me veit at er der, betonggatene, i det neoliberalistiske brundtlandske helvetet, i dag, der prosessen går sin gang, glir umerkeleg over i dommen, spyttar det liksom fram, at det er her, no, prosessen som mel. Scenen er så handfast, så direkte, tekst og skildring blir til kroppar, til vegger og ting og rørsler og lys og lyd, berre skjelettet kunne bli liggjande hjelpeslaust att, berre tomme replikkar, berre ei hjelpeslaus avkledd handling.

Men blir ikkje slik, trer i staden fram for oss i sitt eige, er gru og teater, er ikkje stas, er galskap dette, og teater, ei mare, i tyngande betong, trykkande, vegger, augo som ser, som høyrer, veit alt, Kafka, er der, ikkje romanen, men Kafka likevel, prosessen, her, no, glir umerkeleg.

Slik er det blitt; at berre det verste, det sado-rølpete, kan få oss til å kjenna att, det der ute, utanfor foajeen, Leni, Gjertrud Jynge, med svart kjønn over heile kroppen, Franz og Willem, Ole A. Simensen og Svein Harry Hauge, bødlane, fengselskapellanen, Svein Sturla Hungnes som ein nådelaus forkynnar, av dommen, Alf Nordvang som advokat Huld, som henta ut frå Becketts mest rallete ruinar, orgiar, dører av stål, i rettskontora, køar av klaga, flimrande kønummer, prosessar som går og går og går, som glir langsomt over i det andre.

Farse og galskap, skjøre kostymar, komikk og galskap, så mykje at kunne blitt for mykje, kunne blitt berre kostyme, berre show og sjau, Josef K. der oppi dette, kunne blitt heilt borte, i dette, forsvunne for oss, men det blir ikkje slik, blir ikkje slik han forsvinn. For det mørknar til, i siste akt, dempest ned, orda glir fram, får stå nakne, i det ugjennomtrengelege, i faremoland, mens prosessen mel, glir umerkeleg, stramt og tett, glir umerkeleg over i teksten, i romanen, i Prosessen, mens bødlane glir bakut mot blålyset let dei Kafka, teksten, tre nake fram.

Ei stor oppsetning dette, meir enn 40 skodespelarar, stort òg i det ein har makta. Kafka viser seg som absurd teater, viser kor spirene kom frå, me ser Ionesco, ser Pinter, ser Chaplin, ser Fritz Lang sine mørke skugger, ser oss sjølv, ser Prosessen.

MAGNE DRANGEID

Mørke: Dører og opningar, men ingen veg som fører ut. Anders Dale som Josef K., Gjertrud Jynge som Leni. Foto: Kjetil Alsvik

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
[ Hjem ][ Søk ][ Hjelp ] [ Teasers | Perspektiv | Aktuelt | Kritikk ]
Artikkel automatisk generert, 08/02-96, kl. 18.27 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © 1995-96, Morgenbladet og Schibsted Nett AS.