Som ei forstandarinne ved ein pensjonatskule for borgarskapets døtrer løftar Camille Paglia peikefingeren og formanar: Gå aldri aleine på fest. Hugs at menn er farlege. Og ho kjem med eit inderleg hjartesukk: Ein venn av henne har vore i Egypt og overnatta ute under stjernene. Det skulle ho gjerne gjort ho òg, men det kjem ho aldri til å oppleva. Fordi ho er kvinne! (Sex, Art and American Culture, 1992)
Ho kan nok tala store ord om kvinneleg seksualitet som ei kosmisk kraft. Men når det kjem til praksis, er ho ytterst defensiv. Det er ikkje det minste rart at ho er blitt omfamna av amerikansk offentleghet. Eit samfunn som forlanger kakebakande presidentfruer, må kjenna seg sjeleglad for at dei endeleg har fått ei som tør setta dei rette ord på ting.
Elles har ho sikkert rett i at det har gått atters med amerikanske kvinners meistrings-kompetanse, å dømma etter alle rapportane om sex-trakassering. Det er heller ikkje vanskeleg å vera einig med henne i at ein må forstå mennene for å ha full glede av dei, og at den som går på fest på guteinternatet, bør vita kva krefter ho gir seg i kast med. Som det heiter i Håvamål:
«Augo du bruke
før inn du gjeng
i kot og i kråom,
i kot og i krokom.
For d'er uvisst å vita
kor uvener sit
føre din fot.»
Det skal visstnok vera vanleg blant amerikanske feministar å hevda at kjønn er eit reint kulturprodukt. Camille Paglia går i motsett retning og hevdar at kjønn er rein natur. Sjølvsagt held ingen av desse påstandane vatn. Professor Paglia er til liks med dei feministane ho polemiserer mot, framleis fange i den rousseauanske tankemodellen. Det er bare forteiknet som har skifta.
For Paglia er det ei merkesak at naturen og kaoskreftene er kvinnelege. I Sexual Persona tek ho derfor skarpt avstand til dei nordiske forteljingane om mannlege troll. Ho reknar samfunnet for godt, naturen for vond, og set eit absolutt skille mellom dei to livssfærene. På same vis reknar ho med ei augustinsk kløyving mellom kropp og ånd. Menneskets forhold til kroppen og naturen er «the grossest of human dependencies.»
Slik er ho på linje med ein tankegang som har gjort seg gjeldande heilt sidan Platon, og som har ført til mange feilslutningar og mykje personleg ulykke. Lærde menneske har utan motførestillingar sausa seg inn i fantasiar om ein idealtilstand på eit reint åndeleg nivå, utan å skjøna at dei heller burde takka kroppen for at dei har ein hjerne å tenka med. Likeeins er det meiningslaust å førestilla seg eit menneske utan kultur. Kulturen er for mennesket det same som tenner og klør er for ville dyr. Eit menneske utan kultur er like unaturleg som ein katt utan labbar, ein gris utan tryne.
Trass i motviljen mot naturen nærer Camille Paglia nasegrus respekt for mannlege kjønnshormon. Der testosteronet brusar fram, bør små jenter stiga ærbødig til sides, og ikkje forlanga at samfunnet skal beskytta dei. Men samtidig røper ho at ho er klar over at mange menn ligg med kvinner først og fremst å imponera andre menn.
Her er ho inne på eit interessant moment som ho dessverre ikkje tek opp til vidare drøfting: Kva er sterkast, det biologiske behovet for samleie, eller det sosiale behovet for å bli akseptert av kameratane? Dersom behovet for sosial aksept er det som veg tyngst, kan ein verken skulda på testosteronet eller naturen. Den svake personlegdommen kjenner inga høgare lyst enn å underkasta seg ein fast leiarskap. Gutar som er med på gruppevaldtekt, gjer det fordi dei er styrte av gruppefellesskapen. Ikkje fordi dei er normalt fysisk utvikla.
For den som kjem ut for valdtekt, er det nok like øydeleggande enten drivkrafta bak udåden er fysisk eller sosial. Og spørsmålet om valdtekt er eit seksuelt eller valdeleg brotsverk, er akademisk flisespikkeri som amerikanske feministar og deira motkvinner bør få sitta og pusla med borti ein krok, utan innblanding frå utanforstånde. Men for den som har lyst å vandra uhindra omkring i verda, er det avgjerande at ho kjenner dei kreftene som styrer, og korleis ho fritt skal ta seg fram blant venner og fiendar.
Her er det lite å læra av Camille Paglia, som påstår at ho er ein einsam ryttar, men reiser på føredragsturné med to livvakter (jfr. Synnevåg, Samtiden nr 5 1995).
Derimot kan der vera ein del å læra av dei nordiske vikingane, som over alt i verda blir rekna for eksponentar for villskap og virilitet. For folk i samtida var det vanskeleg å akseptera at vikingane var så lite strenge med kvinnene, og reint opprørande å sjå seg slått av ein motstandar som tilsynelatande ikkje brydde seg om kona bedrog han.
Hos vikingane gjekk skillet mellom mann og kvinne ein heilt annan stad enn hos passifiserte nåtidsmenneske. Det er borgarskapets døtrer som slår nuppereller. Adelsdamer har generelt hatt ein tøffare livsstil. Ei attraktiv vikingkvinne var meir maskulin enn ein moderne kontormann.
I soga om Harald Hårfagre heiter det at den unge Gunnhild frå Hålogaland budde saman med to seidmenn oppe i Finnmark. Ho hadde flytta saman med dei for å læra trolldom. Begge to begjærte henne sterkt, men det går fram av soga at ho slapp dei ikkje innpå seg. Likevel må ho ha fått nattesøvnen forstyrra av dei tunge blikka deira, så då ho ein dag fekk besøk av nokre karar sønnafrå, nytta ho høvet til å få slått læremeistrane sine i hel.
Det er ei smal sak å overføra denne handlekrafta til moderne forhold. Ein treng ikkje ta livet av motstandarane, det er nok å trylla dei små. Eg er sjeleglad for at det er Gunnhild Kongsmor som har prega mitt forhold til omverda. For skulle eg høyrt på Camille Paglia, hadde eg aldri kome meg nokon stad.
Ein gong i haust tok eg nattoget frå Praha til Budapest, og hamna i sovekupé med to ungararar som gjerne ville imponera einannan på min kostnad. Konduktøren som patruljerte i korridoren, var full og brutal, så å blanda inn han ville bare gjort vondt verre. Men med vikingblod i årene fiksar ein denslags omtrent som ein komposterer kjøkkenavfall. Eg skal innrømma at det blei i minste laget med søvn, men då toget stansa på Keleti stasjon, hadde medpassasjeranse mine skrumpa så ihop at eg kunne stappa dei ned i nærmaste søppeldunk.
På ungdomsherberget nokre timar seinare blei eg kjent med ein ung madjar som eg nok hadde vikla meg ganske langt inn i det med, hadde eg vore ung og ugift. Eg ville latt han presentera meg for vennene sine og vore aleine på rommet med han. Og der ville ikkje skjedd nokon ting som eg ikkje hadde gitt mitt fulle og heile samtykke til.
Korleis eg kan vita det? Erfaring. Etter lang og rik røynsle med mannkjønnet har eg kome fram til at den unge, testosteronbrusande mannen er edel som ein fullblodshingst, og like godt i stand til å meistra sine eigne krefter som ein dyktig ryttar kontrollerer det dyret han rir. Det er den usjølvstendige mannen, han som alltid tenker på kva dei andre synest om han, som er farleg. På grunn av at slike kamerat-avhengige menn alltid har verka fråstøytande på meg - og truleg eg på dei òg! - har eg sloppe å læra dei nærmare å kjenna.
Dette synest eg er interessant. Mykje meir interessant enn all verdsens teoriar.
Eg trur ikkje mine røynsler er særleg eineståande. Men i den tida som har vore prega av feministisk tankegang, har der vokse fram ein overdriven identifikasjon kvinner imellom: Valdtekt er utnemnt til eit problem som vedkjem alle kvinner, og alle menn er potensielle valdtektsforbrytarar. Eg trur det er rettare å oppfatta valdtekt som noko som rammar menneske i avmaktssituasjonar. Det kan vera vel og bra å granska overgriparens hormonbalanse. Men ein bør heller læra seg dei praktiske handgrepa som får ein ut or avmakta.
Om kvinner skal kunna ferdast fritt omkring, eller om dei bør halda seg inne i stovevarmen saman med Camille Paglia, det er eit spørsmål om liv, lykke og menneskerettar. Derfor bør diskusjonen om dette emnet ikkje avgrensast til ein akademisk «diskurs» om kva den og den lærde person har sagt, men førast ut frå konkrete erfaringar. La oss for ein gongs skyld orientera kvarandre om kva me veit om livet, utan å gå omvegen om livsfjerne teoretikarar: Drep meg konge, men ikkje med graut!