Thomas Bernhard:
Himmlers Fødselsdag
Instruktør: Eirik Stubø
Rogaland Teater
Thomas Bernhard sin tekst kvernar oss støtt og sikkert ned i ei grav fylt av incest, kvalmande humor, dirrande hat og forbitra, bortgøymd nazisme. Himmlers fødselsdag hadde premiere på Rogaland Teater, torsdag 9 november.Som å bli senka ned i eit forfrose, avstengd mausoleum. Slik verkar det når Rogaland Teater lèt Thomas Bernhard sin repeterande, sugande tekst, falda seg ut i framsyninga med orginaltittel Vor dem Ruhestand. Eg har aldri sett naziforbrytaren sin morbide dyrking av fortida skildra på meir overtydande vis. Forfattaren Thomas Bernhard (1931-89) er svært omstridd, ikkje minst i heimlandet Austerrike. Etterkvart har han fått merksemd også i Norge, i haust med sin sjølvbiografiske Et barn på Gyldendal. Skodespela hans er lite spelte her til lands. Rogaland Teater er den einaste scenen som har sett opp Bernhard før - Ritter/Dene/Voss - i 1989. Kanskje er det ikkje så rart at teatra kvir seg. Framsyninga Himmlers fødselsdag må vera ein stor påkjenning, ikkje minst for skodespelarane som skal gjera den endelaust kvernande teksten levande, i eit rom der tid og ytre handling er gått fullstendig i stå. Me er i rettspresident Rudolf Höllers herskapshus. Dei to søstrene hans ventar på han. Etter 10 år under jorda og 30 år som dommar i det nye demokratiske regimet, skal han om få dagar gå av med pensjon. Men i dag er det 7. oktober, og den tidlegare nestleiaren for ein konsentrasjonleir skal feira Himmlers fødselsdag i full SS-uniform, med sin hatske, invalidiserte veslesøster Clara utkledd som leirfange, og storesøster Vera som velvillig oppvartar og sengevarmar. Vera Höller er den som held spelet i gang, held «liv» i dei alle tre. Ho går inn i rolla som «ektemake» når det trengst, - så held han seg her hos oss -, ho nører opp under illusjonar om ei ny stordomstid, og dyrkar minnene saman med broren. Ho dekkjer over den grelle sanninga så godt som råd, for ikkje å øydeleggja stemninga, for at dei ikkje skal gå heilt til grunne. Kirsten Hofseth har den mest krevjande rolla i stykket, som Vera, og ho speler mest for godt. For må ikkje også Vera somme tider sprekka under presset frå det spelet der ho er dømd til å vera smurning? Berre når spørsmålet kjem på banen om ein tidlegare kavaler «utanfrå», ser ein klart Vera sin fullstendige desperasjon. Elles ligg det der, som ein understraum, jo, kanskje er det akkurat nok. Yngstedottera Clara, spelt av Marit Grønhaug, har ei fortid som venstreradikal, men blei invalidisert av amerikanerane sin bombing. Ho er som eit gissel, hatar og blir hata, får stell og «liv» i byte mot å teia. Aller mest liknar ho ein av Beckett sine mest tragiske figurar, fastlåst, utan framtid. Sjølv revolvermunningen møter ho berre med forvrengde, hånande flir. Alf Nordvang speler Rudolf Höller med stor intensitet og desperasjon. Han får fram både den tvangsmessige klamringa til den tapte saka, angsten for dei som grev i fortida, bortforklaringane, og redsla for pensjonisttilveret der han vil få tid til å grubla over kva han var med på. Stykket er ei rå avkledning av samfunnet som ikkje har teke oppgjer med massemordarane frå krigsåra, men tvert i mot har lete dei stiga mot toppane i sine nye fasadar. Men stykket er aller mest ei avdekking av psykologien som rører seg bak denne fasaden, og ein analyse av mekanismane som får dei sjølvrettferdige til framleis å klamra seg til «den store idé». Forfattaren manar fråm det botnlause sluket som ligg under dei skildra figurane. Teksten blir spelt så publikum ser at også figurane på scenen veit om sluket. Resultatet blir ein ironisk straum av grell, motvillig humor.
Scenografien er enkel, kaldgrå, steinharde vegger, tunge og autoritære, avspeglar idegrunnlag og isolasjon. Reint og effektfullt utforma av Helge Lohne. Instruktør for stykket er Eirik Stubø som gjennom Rogaland Teater sine oppsetningar Kjøkkenheisen (Pinter) og Privattimen (Ionesco) har vist at han meistrar eit teater med ordet i sentrum.