Me er fundamentet for Rogaland Teater, spøkte oppsetningas «altmoglegmann» Svein Tang-Wa. Han bad publikum blåsa ut lyset for Harold Pinters Kjøkkenheisen, med premiere 9. september. Tang-Wa sikta kanskje ikkje berre til «Kjellerteateret» si plassering i underetasjen.
I programmet blir den vesle einaktaren om leigemordarane Ben og Gus samanlikna med Tarantinos Pulp Fiction, men likskapen ligg berre i overflata. Pinter sitt stykke peiker i høgare grad på eksistensielle problemstillingar: Dei to er med i eit spel som dei ikkje har oversikt over, dei kjenner ikkje føremålet, kjenner ikkje offeret, ikkje kven som gir instruksar. Dei er pliktoppfyllande, men veit ikkje korfor. Det toppar seg når kjøkkenheisen kjem skranglande ned til dei med sine meiningslause mat-tingingar. Kven er det som er der oppe? Kven er det som leiker med dei? Er det ein slags gudfar, ein slags Gud, ein kven- som-helst eller kanskje ingen?
Pinters dalog er saklegare og meir realistisk enn hos Ionesco, som same instruktør sette glimrande opp i vår. Fellestrekket er at komikken oppstår midt i fråveret av innhald og fundament, slår inn over oss som eit mareritt midt i låtten.
Ben, spelt av Calvin Ray Stiggers, er den hardbarka som gjer det som må gjerast, i det lengste utan å stilla spørsmål. Gus, spelt av Anders Dale, har latt dei makabre oppdraga romstera i sjela, og går med nervene i høgspenn. Dei to tolkar rollene med ein intelligent blanding av innleving og ironi. Instruktør Eirik Stubø har sett opp eit stødig, meiningslaust fundament.
Harald Pinter:
Kjøkkenheisen
Instruktør: Eirik Stubø
Rogaland Teater
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]