Tuzla (Morgenbladet): Under Secretary of State Richard Halbroke har skissert ein plan der Bosnia blir delt i to, 49 prosent til serbarane og 51 porsent til bosniarane og dei bosniske kroatane. Sjølv om dette kan gi ei førebels fredsløysing trur mange dette ikkje gir ein varig red, men at det kan bli eit historisk feilgrep. Nato-bombene må ikkje røyklegge det faktum at fredsplanen som no ligg på bordet ikkje gir Bosnia ein retferdig og varig fred.
sjølvsagt kan serbarar, kroatar og muslimer leve saman igjen.
fredsløysing som deler Bosnia, og som kan skape den i dag frie bosniske staten om til ein provins i Kroatia. Denne utviklinga kom raskt. Bombinga av dei serbiske kanonene har vore naudsynt sidan 1992, men dersom bombinga eigentlig pressar den bosniske
regjeringa meir enn President Karadzic og general Mladic (sjølv om dei lager mest oppstuss), står Sarajevo framfor eit val som berre kan bli tragisk. Dei må til ein viss grad velje mellom umulige val, eit trygt Sarajevo mot etnisk deling.
Den amerikanske kontre-admiralen pa USS Roosevelt seier at føremålet med bombinga av serbiske mål ikkje er å øydelegge dei serbisks styrkane, men bombe deler av den slik at infrastrukturen bryt saman. Det vil presse serbarane ut, ikkje slå dei. Det betyr at dei fleste av dei 200-300 kanonene som er innan 20 km fra
Sarajevo ikkje blir øydelagde. Som løn for at bosniarane eventuelt skal godta å gi serbarane 49 prosent av landet får dei altså nokre få kilometers tilbaketrekking av dei serbiske kanonene frå Sarajevo. Det kunne ikkje vore mindre.
Den bosniske regjeringa har i prinsippet alt for eit år sidan godtatt ei 49/51 prosent deling av landet, men dette har vore eit standpunkt dei har sluppe å ta konsekvensane av fordi serbarane har avslått, og fordi serbarane då okkuperte omlag 72 prosent av territoriet.
Men no når president Karadzic skal bombast til samtykke, står realitetane nakne tilbake, nemlig at serbarane må godta kanskje berre 10 prosent mindre enn dei alt har tatt, medan Bosnia taper tilsvarande, og at den etniske delinga av lar det blir godkjend av det internasjonale samfunnet som endelig.
Borgarmeisteren i Tuzla, ein markant politikar, reformist frå før krigen, var sterkt i mot planen dersom ei 49/51-deling ville bety ei todeling av landet, da Morgenbladet snakka med han onsdag. Dersom ei slik deling i staden baserte seg på ei oppdeling i
kantoner, ville dette vere noko folket kunne leve med, trudde har . Det er i dag ikkje klart om den bosniske regjering arbeider for dette, men lekkasjer så langt tyder ikke på det. Diplomatiske kjelder i Zagreb seier at den bosniske regjeringa no ikkje har ideer om korleis dei kan sette fram eit anna forhandlings-grunnlag som kan rokke dei innøvde premissane om etnisk deling. Samstundes trur ein at Bosnia vil bli utsett for eit voldsomt internasjonalt press.
Men dersom fredsløysinga blir ei todeling med ei framtidig tilknytning til ein konføderasjon med Kroatia blir dette det samanbrotet av Bosnia som den bosniske regjeringa i snart fire år har kjempa mot.[[paragraph]]
Dermed har ein skapt ein ny mur i Sentral-Europa bygd på fascistiske prinsipp; ein har sørga for at den serbiske hæren ikkje blir tilstrekkelig slått ut men berre vengestukken, og ein set seg til bords med dei krigsforbrytar-tiltalte serbiske leiarane.[[paragraph]]
Ein har laga ein fredsplan der folket blir delt, som om det var folket som var problemet, medan krigsforbrytarar får forhandle fram ei såkalla fredsløysing berre dei slutter å bombe sivile. Eit fredsinitativ frå USA er realistisk sett det einaste håpet, men dette gir mest grunn til pessimisme.[[paragraph]]
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]