[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Gale damar utan svar

Damer & regn: Me får innblikk i eit oppsplintra sinn, som gjennom å fortelja historier førsøker å finna ein identitet, eller kanskje heller dekka seg til?
TEATER

MAGNE DRANGEID

Det kanskje mest fascinerande med Damer & Regn er oppbygginga av spelet som lag på lag av illusjonar. Me er på eit sinnsjukehus. Ei kvinne, «eg-personen», nyttar kveldspausen til å lire av seg fantastiske annekdotar til eit innbilt (?) publikum. Den eine etter den andre kjem inn i rommet, dei fortel blodige og tragikomiske historiar, hendingar som har ført dei mot galehuset, historiane eller hendinga? Men dei er berre roller i eg-personens fantasi, eller er dei kanskje figurar som tvert i mot speler eit spel med eg-personen? Eg personen kommenterer sjølv illusjonen og prøvar å styre dei andre sine historiar; det er ho som er hovudpersonen her, ho vil avgjera kven som skal fortelja, men forteljingane tek sine eigne vegar.

Det er historiane sin fordreiande eller kanskje forklarande funksjon som står i sentrum; eg-personen står utan feste, og leitar rundt i eit kollektivt medvet av myter og fortid, heile tida må ho fortelja for ikkje å bli ståande tom og einsam tilbake. Eg trur stykket må vera ei utprøving av kva forteljingane gjer med oss, kva funksjon dei har og kva me kan nytta dei til. Noko svar gjer alikevel ikkje stykket, kanskje fordi svaret ikkje finst.

Teksten er samansett med humor og blodig alvor, men heile tida sit ein og spør; Kan ein stola på det som no blir sagt? Aforismar og aksiom blir slengde ut i aust og vest; «Den som skal fortelle historier må ofre seg selv»; «Fri? Når du har drept et menneske blir du aldri fri». Somme gonger med klar ironi, neste sekund med eit alvor så me tykkest sjå ein tendens. Dette er uklart, kanskje er det meint slik, men eg er ikkje sikker.

Når Terje Nordby blir klok og belærande, og instruktøren let alvoret råda, kjem ein smak av banalitet. Som om framsyninga ikkje lever opp til sine høge ambisjonar om å seia noko viktig. Denne kjensla sit eg att med kvar gong den absurde hovud-tonen i stykket får lov å tre tilbake. Regien er avdempa. Ordet, forteljinga, får breida seg, og det fungerer. Skodespelarane dreg det komiske langt inn mot farsen, med rungande publikumsrespons. Dette er flott og godt, men så var det balansen?

Særleg monologane til Sally Nilsson riv i lattermusklane, kanskje alt for mykje, så det tèk luven av alvoret som kjem etter. Kristen Hofseth gjer mykje ut av sin rolle som eg-personen, sjølv om denne verkar litt «tom» - i høve til sine eigna «aspektar», dei andre på scenen. Gretelill Tangen rører kjenslene i si rolle som den gale, barnlause kvinna, mens Ilse Kramm og Ines Prange denne gongen har langt mindre å spela på i sine meir avdempa roller som behandlarar.

Scenografien er svært realistisk, rein og steril som ein ventar seg eit sjukehus. Blanke tavler som publikum speglar seg i, og som blir overstrøymde av lys og regn, skapar ein stemning nettopp av «Damer & Regn», men elles spør eg meg om ikkje dette stykket godt kunne vore spelt i eit langt naknare rom.

Terje Nordby:
Damer & Regn
Instruktør: Thea Stabell
Rogaland Teater
DAMER & REGN: Kirsten Hofseth (t. v.) som eg-personen, Gretelill Tangen som Magda. Foto: Petter Hegre

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]


[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 07/09-95, kl. 23.55 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.