[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Nora berre luftar seg?

Et dukkehjem hadde premiere på Rogaland Teater fredag 1. september, men drama blir det ikkje. Det verkar som Nora berre går ut for å lufta seg.
TEATER

MAGNE DRANGEID

Skodespelarane kvar for seg spelar så det syng. Kanskje er problemet at Gjertrud Jynges Nora er så overbevisande sjølvsikker i dei to første aktane at den naudsynte metamorfosen aldri blir truverdig.

Instruktør Jan Håkanson og dramaturg Michael Evans har henta inn element frå eit av Ibsens første fullstendige utkast til Et dukkehjem. Dei har nådd målet sitt om ei meir manipulerande Nora og ein meir rakrygga, sterk Thorvald.

Even Stormoen tolkar Thorvald som meir levemann enn eg har sett før, og forholdet mellom dei to er også «sexa opp», utan at eg tykkjer det gjer noko frå eller til.

Når Nora finn ut at ho må gå for å prøve å «finne seg sjæl», sit eg att med kjensla at dette berre er ein ny rolle som ho speler. At den manipulerande kvinna frå dei to første delane framleis er intakt.

Kanskje er dette meir realistisk enn om Nora med eitt skulle gjera opp status for ekteskapet og velja døra, men dramaet blir likevel borte.

Henrik Ibsen:
Et dukkehjem
Instruktør: Jan Håkanson
Rogaland Teater, hovedscenen.
RAKRYGGA THORVALD, MANIPULERANDE NORA: Even Stormoen og Gjertrud Jynge i Et dukkehjem. Foto: Kjetil Alsvik.

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]


[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 07/09-95, kl. 23.55 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.