Sarajevo representerer den einaste langsiktige fredsløysinga for Balkan: det tolerante samfunn. Det som kjenneteiknar byen er ikkje at muslimane er i majoritet, men at dei ulike borgarane lever i eit nøkternt samliv, der nytte og rett er eit betre fundament enn Blut und Boden.
Muslimene brukte serbiske spedbarn som dyrefor i Sarajevo Zoo, heitte det på serbisk TV, president Milosevic sin propagandamaskin. Slik fekk ein styrka rekrutteringa til Karadzic's armé, og skapt eit grunnlag for statsbygging. Så kom massegravene, krigen mot dei sivile, dei 40 000 voldtatte kvinnene, og kriminelle bandar som skar halsen av unge og gamle.
Over 50 prosent av ekteskapa i Sarajevo er blanda av muslimar, kroatar og serbarar. Omlag 50 000 serbarar har valgt å bli i Sarajevo. Mange av dei er døde i forsvar av byen. Ein av dei i alt 280 000 innbyggarane er Mihajlo Milasevic, serbar og doktor. Han kjem frå Montenegro, gift med ei katolsk kvinne medan bror hans er gift med ei muslimsk kvinne. Med ei slik blanda familie kjenner han seg tvungen til å bli. Livet har gjort han til borgar av Sarajevo.
Sarajevo er eit bilde på den liberale europeiske bytradisjon, der borgarskap er gitt til medlemer av eit retts- og nytte-fellesskap, som ei øy av orden og fred i eit kaotisk og til tider barbarisk omland. Likskapen med renessansen er p.t slåande. Forskjellane jamna seg ut gjennom frigjering av stender, klasser, kjønn og hudfarge. Fellesskap måtte byggast på det moderne og tolerante ikkje slekt og tradisjon. Stadtluft macht frei. Slik overlever vi.
Men der, i Sarajevo sine breie europeiske bygater, skal folket bombast frå kvarandre. Blodsband skal sprenge borgarskap. For dette er truselen mot Karadzic, og det er mot dette Beograd vil misse si makt: det tolerante fellesskap. Deira maktbase er intoleransen. Utan den vil den totalitære tradisjonen frå kommunismen og fascismen bukke under for mangfaldet og fridomen.
Midt i dette spring vestlige politikarar beina av seg for å fortelje at dette ikkje er svart - kvitt. Her må ein ikkje la seg rive med, får vi vite. Men dette veit vi, at krig er ei floke av strategiar og manøvrar både på bakken og i diplomatiet. Vi veit også at forvirring er ein del av krigføringa. Men vi har sett glimt av dei breie gatene i Sarajevo. Der serbarar, kroatar, ortodokse, katolske og muslimar kan leve saman, og dei kallar seg bosniar, eller jugoslav. Men for kvar granat som fell, og for kvar stupid populærmytisk og nasjonalistisk TV-reportasje eller fredsutspel, er det nok ein bosniar som heller kallar seg muslim eller kroat.
Det europeiske problem
Karadzic trugar med at Sarajevo skal bli den bosnia-serbiske hovedstaden. Byen skal delast opp i etnisk reine bydelar med mur, piggtråd og check-points i mellom dei. EU og FN godtok i prinsippet denne tanken alt i 1992, med det dei la fram ein fredsplan som delte Bosnia i etnisk reine områder. Det var eit knefall for intoleransen og fascismen. Alt som sidan har skjedd er berre prosedyre. Og logisk nok, ein går ikkje til krig på prosedyrespørsmål. Difor er «FN's sikre soner» og den fleirnasjonale reaksjonsstyrken berre ein støyande retrett.
På same tid set dei fleste vestlige land i verk store offentlige kampanjar mot rasisme. Men er vi tilskodarar til folkemord i Bosnia, kvifor skal vi vere anna enn tilskodarar i vår eiga gate når spyttklyser og slag haglar over ein mørkhuda ein?
Dette er det europeiske problem, at sjølvkritikken og toleransen går i spann med likesæla og kynismen. Vi eksporterer våpen og flotte bilar, språk og litteratur, men eksport av toleranse og demokrati blir hånlig kalla for eurosentrisme. For den «politisk undertrykking» Europa likevel har eksportert straffar vi oss sjølve med isolasjon.
For alle desse kriseslåtte land er FN's fredsevangelium ein flukt til ein universell moral som ikkje er verkelig. Men mellom desse to røyndomane opnar det seg ein avgrunn, der FN-soldatar og TV-sjåarar står svimle tilbake.
Det einaste toleransen aleine kan gjere mot urett er å tole den. Difor går den alltid under utan lov, makt og orden - i Sarajevo som i Europa - og difor er toleransen umulig utan som ein universell dygd. Den må alltid gjelde for dei andre. Dette er noko av tankegodset i FN-pakta av 1945.
Men FN inverterer sine ideal. Den har tatt opp i seg ein moralsk eksepsjonalisme, og ein slags materialisme som forklarer det vonde med mangel på arbeid, ulltepper og stortingsval. Sivilisasjon er blitt ein relativ sak. FN har som si vitskapelige overtyding sagt at alle partane er like u/skuldige, og at krigen i Bosnia og Kroatia er borgarkrig. Difor kom Karadzic og FN på lag, for her måtte ein skilje partane i etnisk reine områder, slik logikken er etter ein borgarkrig. Dette var i «muslimane» si interesse, enten dei sjølve forstod det eller ikkje. Dei forstod det ikkje, og bosniarane blei eit problem for FN.
Ein slags mektig religion må det vere som med slik overtyding berre vil det gode sjølv om lemlesta lik daglig blir viste fram på Sarajevo sine likhus. FN er så god ein tanke av dei tilgjev også det. I dette freds-navnet ser det no ut til at menneskeverdet kan løysast opp. Er det noko som er antikrist så må det vere ein tilstand som liknar dette: Det universelle dis-engasjement på moralske grunnlag, der fred står over rett. Medan verda verkelig blir meir samanvevd, skaper fredsfyrstane ein ny ideologi av avstand og ein høgare moral. Det er noko dei forvaltar som vi andre ikkje forstår, og mest av alt ikkje bosniarane forstår - kjenneteikna til eit tyranni.
Eit teikn på dette er ei svensk undersøking som viser at 40 prosent av dei svenske FN-soldatane har fått ei meir negativ haldning til muslimane etter å ha vore i Bosnia i seks månader. Soldatar som ser eit overgrep men som ikkje får handle moralsk vil forrakte alt i hop, men mest offeret. I den moral-lause og ukristelige verda ligg forrakten for den svake latent, dette veit vi. På denne måten vil vår såkalla nøytralitet bringe overgriparens tankegods vidare, og forrakten mot den svake likeins. Slik trugar barbariet ikkje berre toleransen og menneskeverdet i Sarajevo og Gorazde, men også her.
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]