[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Berre maktbalanse kan gi ein rettferdig fred i Bosnia

Den nye maktbalansen mellom kroatar og serbarar i Bosnia og Kraijina har skapt nye sjansar for en varig fred på Balkan. Etter at ein krig er i gang, må ein varig fred byggast på militære løysingar, ikkje diplomatiske.

KOMMENTAR AV ANDERS ULSTEIN

Den kroatiske gjenerobringa av Kraijina har vist at serbarane ikkje er overmenneske, og at eit samarbeid mellom kroatiske og bosniske styrkar er mulig og effektivt, sjølv om dei tidligare var fiendar. Dette opnar veg for ei militær løysing, ikkje ei diplomatisk.

Ny fredsprosess

Sjølv om både Tyskland og USA langt på veg har sett positivt på den kroatiske offensiven, er ein likevel ikkje villig til å opne for ei liknande militær løysing i Bosnia. Jaw-jaw-diplomatiet er tilbake, det skal arrangerast ein fredskonferanse.

Kjernen i den nye fredsprosessen er at bosniarane skal gi frå seg halve landet, inklusive Gorazde til serbarane i bytte for fred. Men for general Dudakovic, sjef for Det femte bosniske korps som står i Bihac, er dette «berre evindelig ønsketenkning», som han seier det. General Dudakovic er mannen som stod i mot det serbiske angrepet på Bihac i juli, og som til sist, i samarbeid med kroatisk artilleri klarte å jage angriparane på flukt. I denne operasjonen tok dei bosniske styrkane artilleri og ammunisjon frå serbarane, og er no i ferd med å gjere korpset fullt motorisert med langt større eldkraft. Med denne styrken er det venta at generalen vil ta seg austover og sørover mot dei serbiske erobringane i Bosnia.

Føremålet med dei serbiske erobringane av dei «FN-sikre områda», Srebrenica og Zepa i Aust-Bosnia og angrepet mot Bihac-enklaven var å «reinske opp» kartet før Milosevic gjekk inn for ei forhandlingsløysing, blir det hevda. Milosevic hadde vestlige diplomatar i si hule hand fordi dei alle meinte bestemt at ei militær løysing ikkje var mulig. Den kroatiske og bosniske offensiven syner at ei militær løysing i høgste grad er mulig. No har Milosevic hastverk. Om nokre månader kan bosniske troppar truge blokaden av Sarajevo eller det serbiske knutepunktet Banja Luka.

Beograd vil tene på ei rask avklaring av grensene, og presset mot bosniarane kan bli stort for å godta ei fredsløysing. Likevel held Washington fram med sine fredsplanar der ein skal kjøpe fred mot å gi frå seg land.

Land for fred, heiter det i den nye fredsplanen. Det er eit prinsipp som er henta frå Midt-Austen, men den store skilnaden frå konflikten mellom Israel og Egypt, Syria og PLO er at det var, og må vere, Israel sjølv som gir frå seg land. Sarajevo burde ikkje gi frå seg meir land. Dei har tapt for mykje allereie. Forskjellen er som mellom München og Camp David, og resultata deretter.

Maktbalanse gir fred

Det er blitt ein langt betre balanse på Balkan. Bosnia og Kroatia har militært gjensidig fått nytte av kvarandre ved erobringa av Bihac og Knin. Bosnia får no trolig store mengder forsyningar frå Kroatia mot at dei bosniske styrkane lagar ein buffer mot Serbia og dei kroatiske og bosniske serbarane. Dette er ei gjensidig avhengigheit som kan vere eit fundament for eit stabiliserande samarbeid mellom dei to. No er Kroatia og Serbia langt meir militært likeverdige enn dei var for berre eitt år sidan. Dei kan dermed halde kvarandre sine territorielle ambisjonar i sjakk. Serbia og Kroatia har fått stadig sterkare og meir opne band til sine patronar i Moskva og Washington.

Det har lenge vore sagt at USA har gitt Kroatia militær hjelp i form av instruktørar og

rådgivarar. I USA stør Kongressen ei langt meir pro-bosnisk og -kroatisk line enn presidenten, medan den russiske Dumaen på si side vedtok at dei økonomiske sanksjonane mot Beograd skal hevast. Både Clinton og Jeltsin må ta omsyn til slike signal. Stormaktene har likevel ingen tunge interesser på Balkan, men presidentane Jeltsin og Clinton vil gjerne vise seg fram i utanrikspolitikken for sin heimlige opinion.

Russland og USA er begge på veg ut av Vest-Europa, men dei treng kvarandre meir enn dei treng Europa, og derfor er dei no tilbake i europeisk politikk. Kombinasjonen av militære operasjonar på bakken og stormaktsinteresser kan slik gi ei langsiktig fredsløysing på Balkan. FN og EU speler ei stadig mindre rolle. Det kan minne om eit mønster frå den kalde krigen, men er nok svært forskjellig. Den gongen var det i europeisk interesse å ha makta til USA, både i opprustning og i nedrustning, men kvar er Europa si interesse no?

Den er splitta mellom London, Paris og Bonn. Dei har ikkje noko i mot amerikansk inngrep på Balkan, men dei har heilt ulike motiv. London vil styrke den atlantiske aksen og svekke dei kollektive tryggingsambisjonane til EU. Paris vil gjerne ha USA ut av Europa, men ikkje heilt.

Dei treng eit amerikansk nærvær for å balansere Tyskland i NATO, i Sentral-Europa og mot Russland. Bonn er sjølv USA's viktigaste partnar i Europa, og som to økonomiske stormakter har dei klare felles interesser. Dei er dessutan begge meir opptekne av demokratiseringa av Sentral-Europa enn det Frankrike og Storbritannia er

Nato-utvidinga. For USA og Russland er likevel Nato-utvidinga den viktigaste realpolitiske saka der stormaktene har konkrete interesser. Russland sitt viktigaste mål med sitt engasjement på Balkan er å halde Nato ute av Balkan. Kvar gong FN har brukt eller truga med å bruke Nato i Bosnia, har Russland sett seg kraftig i mot. Balkan er eit europeisk etter-den-kalde-krigen-problem i miniatyr. Kvar skal grensa mellom russisk og vestlig hegemoni gå. Skal ein ha bufferstatar eller skal ein trekke ei line i sanden?

Ny buffersone?

Nato-utvidinga står om nettopp dette, skal ein sleppe sentral-europeiske land inn i Nato og dermed lage ei ny og klarare grense mot Russland? Har ein ikkje då skapt ein ny mur? Somme meiner det er betre å ha dei tidligare Warszawapakt-landa som buffersone, med økonomiske og politiske band mot vest, men med eit alliansefritt eller eige militært alliansesystem.

Begge synspunkta er til ein viss grad prøvde på Balkan. Held stormaktene seg ute vil dei lokale partane operere friare, bli meir innadvendte, og mindre sosialiserte i det internasjonale samfunnet. Faren for konfrontasjon mellom stormaktene vil slik vere liten, men kjensla av maktesløyse stor, både i Russland og i Vesten, og faren for spreiing av konflikten vil vere større. No når stormaktene markerer seg sterkare på kvar si side i konflikten har det den gode effekten at det siviliserer partane. Dei får lagt føre seg ei framtid i det internasjonale økonomiske og politiske samfunnet som vil tene både personlige og nasjonale interesser. Det er ingen tvil om at både presidentane Tudjmann og Milosevic har ei slik opning framfor seg. Dette internasjonaliserer konflikten - ikkje slik det burde vere, gjennom EU og FN, men ved USA og Russland.

Bosnia vil aldri får sitt land tilbake gjennom ein konferanse. Om dei kan klare å vinne

Srebrenica tilbake er tvilsamt, men det overordna poenget er at det er dei sjølve som må finne dette ut. Bosnia må få våpen slik at dei kan trekke sine eigne grenser. Det er den bosniske regjering og deira folk som må vurdere kor mange soldatar og sivilie dei vil ofre for kvar kvaderatkilometer dei tar tilbake. Til sist vil det bli ein balanse også der. Det er ein balanse som det bosniske folket vil kunne leve med, og som på lang sikt vil plage oss europeiske tilskodarar minst.

BILDETEKST:

TILBAKE I EUROPA: Russland og USA er begge på veg ut av Vest-Europa, men dei treng kvarandre meir enn dei treng Europa, og derfor er dei no tilbake i europeisk politikk.

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 24/08-95, kl. 18.07 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.