Det er ekstremistar som no regjerer i Kroatia, seier FN-meklar Kai Eide. Men ekstremistar eller ikkje, Kroatia gjorde det som FN skulle gjere, nemlig berge det «FN-sikre området» Bihac frå undergang.
At Krajina-serbarane i Geneve nokre dagar før det kroatiske angrepet var overraskande forhandlingsvillige er ikkje så underlig med tanke på at der stod store kampklare kroatiske styrkar på grensa. Dette må FN-meklarane Stoltenberg og Eide ha forstått, men dei sa det ikkje.
Kroatia gjorde det FN ikkje hadde klart på fire år, nemlig å hjelpe eit folk som står framfor utsletting eller diaspora. EU-meklar Carl Bildt sin irritasjon over den kroatiske offensiven står i skarp kontrast til hans sterke tru på den avtalen han sjølv forhandla fram med Milosevic i Beograd, mannen som dei fleste meiner er hovedarkitekten bak heile konlikt-scenariet på Balkan.
Korleis kunne Bildt og EU-landa stø ei forhandlingsløysing med Beograd samstundes som byane Srebrenica og Zepa fall, og Bihac var under bombardement? Ein skulle heve dei økonomiske sanksjonane mot Serbia dersom dei anerkjente Bosnia-Hercegovina. Men Bosnia har ikkje bedte Serbia om å bli anerkjent - dei er opptekne med å slåss for sine liv mot Serbia sine offiserar, soldatar og tanks. At ikkje ei oppheving av sanksjonane blir kopla til øyeblikkelig våpenstillstand på bakken i Bosnia og i det minste stans i alle offensive operasjonar er sjokkerande.
Kva der det Milosevic har gjort som gjer han fortjent til dette? Hæren frå det tidligare Jugoslavia, JNA, har sidan byrjinga av konflikten forsynt serbarane i Bosnia og Krajina med våpen og personell. Før offensiven mot Bihac sendte han ein av sine eigne generalar som ny leiar for Krajina-serbarane sine styrkar. Han kom frå JNAs militære overkommandon i Beograd. Medan generalen skyt Bihac i filler sit Milosevic i Beograd og er i sitt storsinn villig til å anerkjenne landet og FNs fredsplan. Fantastisk.
Serbia har på si side ei mykje større interessesfære enn berre Krajina, og Milosevic vil nok helst ikkje risikere å forblø i eit felttog i Kroatia no. Han har andre langsiktige interesser å ta vare på, både i Makedonia og med omsyn til potensielle konfliktar i Kosovo i sør-vest og i Vojvodina mot nord. Trulig er tida komen for Milosevic til å konsolidere og få FN-sanksjonane bort.
Kva lærte vi av kroatane sin operasjon? Vi lærte av serbarane ikkje er overmenneske, at det dei kan best er å skyte med kanon frå langt hald, drepe sivile, brenne moskear og katolske kirker.
- Dersom Nato gjekk inn, skulle det bli eit nytt Vietnam, sa Karadzic. - Serbia skulle sette Europa i brann, sa Milosevic. På 45 timar var serbarane slegne i Krajina, og det av ein arme som sjøl om dei er godt motiverte, i det heile ikkje kan samanliknast med Nato-troppar. Eit serbisk skrømt mindre.
«Nasjonale interessar"
Det endelige argumentet mot at det internasjonale samfunnet skal gripe inn militært, er at det ikkje er i vår nasjonale interesse. Men nasjonale interesser er noko som stadig er i endring. Moderne teknologi, atomvåpen, det internasjonale mediafokus, det stadig tettare integrerte internasjonale samfunn, alt dette gjer at reine nasjonale interesser ikkje finnst. Det er dessutan slik at nasjonale interesser er noko som politikarar og media i stor grad skapar sjølve på grunnlag av ein overordna strategi eller ein grunnleggande verdinorm, det er ikkje noko som berre er - nokon definerer det.
«Det nasjonale» - kva er det i dag? Stadig nye interesserkonfliktar riv fellesskapa opp. Sjølv nasjonalstaten er truga av ekstreme «nasjonale interesser». Nasjonalismen på Balkan har sine klare paralleller i alle europeiske land. Rasisme og framanfrykt er på frammarsj ved dei fleste parlamentsvalg i Europa. Det finnest i høgste grad felles interesser, men er dei nasjonale?
Dette handlar ikkje om utopia, men om våre absolutte langsiktige interesser. Det er berre å overføre vanskane det internasjonale samfunnet har med bli einige i Bosnia til mellom anna miljøpolitikken, eller til det faktum at Europa og USA etter alle solemerker går inn i ein økonomisk langvarig relativ nedgangstid, med aukande flyktningproblem, med store mengder våpen tilgjengelig i den europeiske periferien, med ein terrorisme som trulig om få år vil truge med atomvåpen for første gong, med ein nasjonalstat som ikkje greier å gi folk tilstrekkelig med verken arbeid eller sosial tryggleik. Sett i denne samanhengen er tilfellet Balkan i høgste grad av nasjonal interesse (i den grad ordet nasjonal har noko der å gjere).
I dei siste åra har grenser falle og Europa er blitt meir utydelig. Snart må vi sjå at det er våre grenser, og at denne krigen fjerna ei grense som vi trudde var, både geografisk, moralsk og rettslig. Krigen viser at Europa ikkje er i stand til å trekke ei line mellom dei verdier vi trur på og dei vi avviser.
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]