[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Bosnia som innenrikspolitikk

Bosnia krig spreier seg som ei djup uro inn i Europa.

KOMMENTAR ANDERS ULSTEIN

Frå Makedonia, Kosovo og Vojvodina, frå Baltikum til Ungarn - alle land som lener som mot NATO og EU i håp om tryggleik og europeisk fellesskap, frå små og einskilde statar og grupper rundt om i verda må no berre håpe på nåde frå sine sterke naboar, til Vest-Europa der ein ikkje lenger veit kva ein skal gjere med eit mord. Det er desse denne krigen dreier seg om no: alle oss andre.

Utanriks blir innanriks

Dei som no døyr må døy, ser det ut til. Det er ikkje håp for anna. Kanskje kan Bosnia sjølv forsvare seg, pine seg opp i kneståande. No er det Europa det gjeld, der europeiske makter har valt ikkje å ta parti i ein krig der to av dei viktigaste prinsippa for internasjonal orden og tryggleik i nyare tid er brotne med vald: ein stats grenser, og menneskerettane, og med dette oversett den effekten dette også vil ha innanrikspolitisk.

Nokre granatar hadde falle i Sarajevo og menneske var drepne og skadde. Ein fransk general heldt pressekonferanse under munningen på ein 105 mm kanon til reaksjonsstyrken på Mount Igman. Han forklarte at reaksjonsstyrken ikkje kunne forsvare dei sivile. Journalistane forstod ikkje dette. Kanonen såg stor og flott ut, og FN hadde då i fjor vår kravd at serbiske kanonar skulle bort frå Sarajevo, så kvifor skaut ein ikkje tilbake? Generalen blei hissig: «Alle menneske er ikkje trygge, trur du Chigago alltid er trygg"? Slik perforerer den franske generalen sjølv skiljet mellom utanrikspolitikk og innanrikspolitikk - live on CNN.

Alt er innanrikspolitikk i dag. Difor har ingen vestlige leiarar vist leiarskap i denne internasjonale krisa. Men med snart 30 000 FN-soldatar og hjelpearbeidarar og hundrevis av reportarar og TV-kamera som tek lidingane inn i sofakrokane våre, er det nok eit døme på at nasjonale grenser ikkje kan halde verda ute. Slik blir Bosnia-krigen, på eit blunk også innanriks, og uroa spreier seg.

Vitne til mord

I denne saka har ein tedd seg som forstokka gamlingar når dei fordømer ei kvinne for å vere skuld i si eiga voldtekt dersom ho har kledd seg utfordrande. Den største feilen ein gjer i slike situasjonar er ikkje at ein kritiserer kvinna, men at ein frikjenner overgriparen. Bosnia har provosert og manipulert, men dei sette ikkje opp over hundre fange- og KZ-leirar, dei drep ikkje for fote kvinner og sivile, dei er ikkje på annan manns jord eller på annan stat sitt territorium. Dei er på sitt eige. Også offeret må tole kritikk, men rett er rett og galt er galt. Det speler ei rolle langt ut over Bosnia.

Bosnia-krigen har frå første stund vore krystallklar, ingen tvil om kven som er angripar og overgripar, om kven som er offer og kva samfunn som vil representere den mest fredelige utviklinga. Det at Bosnia-krigen er så komplisert er sjølvsagt eit kollektivt innøvd trylleord i London, Paris og Washington. Historia om serbarane og bogomilane er innfløkt, dei økonomiske og sosiale tilhøva likeins, for ikkje å snakke om stormaktstilhøva og internasjonal politikk etter den kalde krigen. Alt dette er komplisert, men sjølve krigen er enkel, nokon må berre seie det.

Den etniske rensninga som våre soldatar og reportarar er vitne til i Bosnia fører til ei etisk rensing hos oss, slik den danske skribenten Carsten Jensen treffande skreiv i Aftenposten nylig. Lærdomen etter Bosnia er at det no berre er historie, kultur og blod som held eit fellesskap saman. Der som her? I heile den vestlige verda diskuterer ein i akademiske kretser kva som skal vere fundamentet for politisk legitimitet i denne vesle verda som no gror i hop. Er det mulig å lage fellesskap større enn stammefellesskapet, og kva for identiet og normativ fundament skal bind dette saman?

Observatør-status

Vi blir oversprøyta med ein grusom røyndom gjennom TV og frå våre mange tusen sivile og militære i Bosnia, men vi blir haldne på avstand frå deltaking. Kor lenge toler vi å leve med ein lik observatør-status? Kva veit ein eigentlig om kva folk vil i denne saka? Og korleis kan folk vere i stand til å ta ei sjølvstendig avgjersle når det dei får høyre er kategoriske utsegn om at Gorazde ikkje kan forsvarast, Sarajevo kan ikkje forsvarast, ein intervensjon vil koste mengder av liv, krigen kan eskalere til verdskrig, alle er like skuldige, ein kan ikkje legge krig til krig, etc.

Apatien og depresjonen kjem av lediggang. Deltaking er vegen tilbake til sjølvstende og tillit, og til eit politisk menneske som ikkje er framandgjort frå hendingar som grip inn i vår grunnleggande rettskjensle. Vil du gi ein mann nevroser - så lat han bli vitne til mishandling og mord, med evne men utan handlekraft til å gripe inn. Slik gjer vi FN-styrkane - våre soldatar - i UNPROFOR likeglade eller sjuke. Slik gjer vi oss sjølve til medskuldige - og slik lagar vi oss nye nevroser. Før var vi meir verna mot slike store drama. No sit vi med lidingane i fanget.

Kva har FN-soldatane som kjem heim frå UNPROFOR lært? At det er den sterkaste som vinn, at ein må klare seg sjølv no, at kultur er viktigare enn rett, at vi ikkje er som dei. Spørsmålet i vår tid er korleis skal ein gi legitimitet og rasjonale til internasjonal tryggleik? Korleis skape konsensus mellom stadig fleire, og korleis skape eit «vi» som verken er destruktivt eller inadvendt. Tryggingsgarantien til NATO er med det Bosnia-fragmenterte «vi'et» sjølv fragmentert, og dei nasjonale, regionale og internasjonale politiske fellesskapa, parti og parlament, famlar etter eit rettsfellesskap og ein identitet som kan bere dei langt meir mangfaldige og ikkje minst frie samfunna etter 1989 og inn i det 21. århundre.

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]


[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 03/08-95, kl. 22.03 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.