Denne veka kom reaksjonsstyrken på plass i fjellområda rundt Sarajevo. Men dei kom ikkje for å forsvare dei sivile i byen. FN-styrken er der for forsvare seg sjølv, blir det sagt.
Den britiske utanriksministeren understrekar gong etter gong at ei militær løysing på konflikten ikkje er aktuell. Dette har serbarane forstått. Det siste angrepet på to hjelpekolonnar til UNHCR etter at utanriksministrane møttest i London forrige fredag viser at sabelraslinga var til inga nytte. Det var ei akt i ei scene i eit årelangt skodespel.
FN-styrkane representerer det ikkje-nasjonale prinsippet, eit internasjonalt rettssamfunn der farge, tru og fødsel ikkje skal bestemme eins rettar. Men FN-styrkane blir ikkje gitt eit oppdrag som bygger på dette. Dei skal passe på seg sjølve, redde stumpane til NATO, FN og stormaktene, samt levere mat og ulltepper til flyktningane etter at dei er voldtekne, jaga og rana. Dei britiske soldatane viser stolt fram sine tunge kanonar på TV, men dei viser dei fram for sine kjære heime i Storbritannia, ikkje for bosniarane som daglig blir drepne rundt dei.
Politikarane har klaga på at UNPROFOR ikkje har hatt militær evne, medan dei militære har klaga på at der ikkje har vore politisk vilje. Slik har ein skuva ansvaret rundt i ring sidan 1992. No er det militære argumentet borte, fleire hundre NATO-fly er i nærleiken, og reaksjonsstyrken har plotta inn dei serbiske kanonane som drep sivile i Sarajevo.
Kor mykje meir skal vi audmjuke bosniarane? For ein hån at dei må drivast frå heimane sine og døy framfor tjue tusen FN-soldatar med fly og tunge våpen. Kan dei ikkje heller få døy i fred.
Snart har Europa berre fiendar att, både angriparane og offera. Og enda verre - oss sjølve. Det er både ei årsak og konsekvens av vårt svik i Bosnia: sjølvforrakt.
Skal vi kalle dette for postmoderne, der gode meiningar berre er innslag på nyheitene, og verdiar er brikker i eit spel. Spelet har sine eigne tradisjonsrike forteljingar, men kva dei viser til er vilkårlig. Samanhengen mellom orda og det dei representerer er arbitrær. På grunn av medias forførande kraft dominerer spelet røyndomen - vår røyndom, vel og merke, ikkje røyndomen i Bosnia. No må spelet gå mot sin ende, kanskje kjem helten, kanskje ikkje.
Slik kan CNN lage storslåtte soundbites, og politikarar kan hente ut vår medkjensle og intimitet i eit sørgjande fellesskap. Vi opplever «drama frå røyndomen». Slik held vi våre eigne politiske fellesskap i hop slik alle politiske fellesskap no har for vane, gjennom forteljingar om mange offer, nokre få heltar og mykje drama i fjernsyn og tabloidaviser - der brikkene blir flytta til djupe gisp frå sofakroken, saman ser vi inn i det opprinnelige: det grusomme og det lidande, katarsis blir nådd framfor TV-sendingane utan «ekte» handling på bakken i Bosnia. Skal vi kalle det virtuell katarsis. Slik handterer vi vår angst for den store røyndomen vi ikkje har tak på, i eit samfunn der stammefølelsen erstattar rettsfellesskapet, gjennom heltehistorier, kalde grøss eller i herlig sjølvforrakt.
Både Storbritannia og Frankrike er urolige for eit Sentral-Europa dominert av Tyskland. Tyskland føler eit fellesskap med Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina som alle opplevde ein ny fridom etter murens fall. Fransk og britisk EU-politikk er som før å binde Tyskland vestover. Dei såg eit sjølvstendig Slovenia, Bosnia og Kroatia som mulig ny tysk interessesfære, og var difor lunkne i sin støtte til desse statane. Russland måtte heller ikkje provoserast, og USA tok med seg sitt leiarskap ut av Europa.
Ein klarer rett og slett ikkje å finne ein strategi for internasjonal orden etter den kalde krigen. I dag er nasjonalstaten som organiserande prinsipp spist opp frå begge endar. Kapitalismen har tatt lokket av den og nasjonalismen slår beina under den, og murens fall tok fienden bort frå dei begge. Og i redsle flyktar folk tilbake til stammefellesskapet, til nasjonen.
Kontrakten mellom borgar og stat har tapt seg. Staten kan ikkje lenger oppfylle sine pliktar. Det heiter at krig er ei forlenging av politikken. Denne forlenginga finn ein på Balkan. Der står nasjonen mot staten, og dei forførande forteljingane mot samvitet. Nettopp no skulle Sarajevos fleirkulturelle samansetning med sin tolerante og liberale tradisjon vere eit føredøme for europeiske byar. Ein mal for det 21. århundre. Men akkurat der, på høgdene framfor Sarajevo, står dei europeiske soldatane og vinkar heim til mor.
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]