Krigen i Bosnia har vart sidan våren 1992. Sidan då har omlag 200 000 bosniarar mista livet og over 2 millionar er flyktningar. Berre ein knapp tredjedel er att av Bosnia, og dei sikre sonene står for fall.
I Europa var det store prosjektet over, ein hadde ikkje funne nye, men ein strategi må ein ha, i alle høve dersom ein ikkje skal gjere noko, og i mangelen på ein bedre var den nasjonalistiske fortellinga om Balkan ei gåve. Det er ikkje berre slik at vi europearar kan han utanat, vi trur stort sett på han sjølve også. På same måte som Tyskland lot seg sjarmere av Slovenia og Kroatia og godkjende deira sjølvstende før ein vissta kva ein så skulle gjere med krigen, så har andre europeiske land takknemlig godkjend den nasjonalistiske forklaringa på konflikten og dermed ikkje gripe inn. Konklusjonen blir lett, appeasement, «one cannot add war to war we don't want to level the killing field», som Douglas Hurd sa det. Og slik blei det. Bosnia fekk ingen våpen og ingen til forsvar. Debatten om det er mulig å forsvare Gorazde og Sarajevo, om NATO bør gå inn i Bosnia, om kor mange mann ein treng osb, er ein skinndebatt.
FN vedtok våpenembargo av partane i krigen. Ein oppretta så sikre områder for bosniarane som skulle demilitariserast og forsvarast av FN. UNPROFOR bad FN's generalsekretær om 60 000 mann til oppdraget. Generalsekretær Boutros-Ghali halverte og bad tryggingsrådet om 35 000 mann, tryggingsrådet lova 7 000. 2 000 soldatar møtte opp. Dette er inga barnergle - dette er årsaka til at Srebrenica fall, at over 30 000 no er på flukt, etnisk renska, at kanskje hundrevis eller fleir er sporlaust borte.
Tryggingsrådet har til og med gitt resolusjonar som krev at den bosniske regjeringshæren skal beskytte FN's humanitære hjelpekolonnar. Håplause inkonsistente utsagn - dei er under våpenembargo, men skal likevel verne hjelpesendingar til seg sjølv mot artilleri, rakettangrep og flyangrep. Tryggingsrådet har gått i nok ei hengemyr. Dei har satt ned ein tribunal som skal undersøke om det er gått føre seg folkemord og andre overgrep på menneskerettane i det tidligare Jugoslavia. Tribunalet har påvist slike overgrep. Omarska, Manaca og Trnopolje var serbiske KZ-leire. Etnisk rensning var systematisk. Tryggingsrådet og medlemar som tek del i handhevinga av våpenembargoen har med dette hindra eit folk i å
forsvare seg mot slike overgrep, og blir dermed medskuldige i folkemord etter FN's eigen folkemord-konvensjon.
Dei serbiske styrkane er av blanda kvalitet, mange er tvangsrekrutterte uten militær utdanning og disiplin. Ved Vokuvar i Kroatia, heldt ein uorganisert halvmilitær kroatisk styrke på ca 1 000 til 1 500 mann, væpna stort sett med handvåpen 25 000 serbarar med fleire hundre stridsvognar, tungt artilleri og fly unna byen i tre månader før dei gjekk tom for ammunisjon. Stridsvognene er for det meste gamle T-55 og T-33. Mot en US Abrahms er dette som Porsche mot VW Boble. Hovedtruselen er artilleriet - omlag 90 prosent av alle skadar kjem fra serbisk artilleri. Men dette er ikkje små røyr gøymd under eit tre, men tunge kanonar. Desse kan ikkje gøymast bort, men kan lokaliserast fra lufta på kort varsel. Flya som det serbiske luftvåpen rår over er også gamle og pilotane er utrente av mangel på flytimar og drivstoff. Serbiske jagarfly bomba daglig i tre månader ein femhundremeter lang bru ved Slovonski Brod like ved grensa mellom Bosnia og Kroatia, og traff den berre seks gonger. Den var køyrbar heilt til bosniske og kroatiske styrkar på retrett sjølve sprengde brua.
Vi veit kva som fungerer. Sanninga er at kvar gong FN har brukt litt makt i Bosnia har situasjonen bedra seg. Men symbolpolitikken lever av kor høgt og lenge opinionen gispar. Også når Washington og London handlar er det berre prov på CNN-effekt og maktesløyse.
Tragedien må gå til sin ende, berre slik kan Storbritannia, Boutros-Ghali, general Mackenzie, general Rose, spesialutsending Akashi og Stoltenberg med overtydning seie at: nei, Balkan var det ingenting å gjere med. Slik slapp ein å ta side. Og slik slapp ein å avdekke at Europa og Amerika alt fra 1989 ikkje hadde makt, ikkje plan og ikkje vilje til å skape ein anstendig internasjonal orden, akkurat i den stunda dei trudde dei var sigerherrar.
Vi hugsar alle den korte franske general Morillon, som istaden for å snakke om Srebrenica når den var under voldsom beleiring og angrep, dro dit. Nettopp difor redda han liv, ved å sette sitt eige i fare. Derfor skaut franske styrkar tilbake, og derfor berga Morillon liv slik han var sendt til Bosnia for å gjere. Men Generalsekretær Boutros-Ghali sendte Morillon en reprimande for å ha «gått ut over sitt mandat». Fire månader etter blei han løyst fra sin kommando og henta tilbake til Frankrike. For to veker sidan fall Srebrenica.
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]