[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Vi er utan skuld!

AV NILS R. LANGELAND

I Klassekampen mandag den 10. juli anklagar Wencke Mühleisen meg for kvinneforakt og dessutan for å vere ein livstrøytt, kynisk ung mann. Å vere livstrøytt er ein av dei få gjenverande kritiske posisjonane under Gro-regimet. Eg er i så fall i godt selskap i europeisk åndsliv. Kronikken min i Morgenbladet «Den vaginale staten» er å forstå som eit stykke anvendt sivilisasjonskritikk mot den norske røyndomen. Meir subtile andar ville vel også ane eit visst innslag av ironi her og der.

Vel til saken: Eg og min generasjon av norske menn er den første generasjonen som er heilt utan skuld i den kjensla ein del kvinner ser ut til å ha av å vere ufri. Dei aller fleste av oss utøver inga som helst makt over norske kvinner. Og det er bra sånn. Slik skal det også vere i eit opplyst samfunn. Eg kjenner meg heller ikkje ein døyt betre enn kvinner i tilsvarande situasjon som meg.

Det er vel heller slik at norske kvinner har ganske stor makt i dette samfunnet. I dei siste åra har dei langt på veg vunne tolkingsmakta i media og politikk.

Det eg vil fram til er at norske kvinner av i dag eigentleg utøver ei veldig konservativ kraft i samfunnet. For er no eigentleg den oppskrytte «nordiske modellen» så progressiv når det kjem til stykket? Er Noreg kanskje eit meir tradisjonelt samfunn enn vi liker å tenkje oss? Det som særmerkjer den nordiske modellen er nemleg ikkje at kvinnene jamt over har så mykje høgare utdanning enn kvinner i andre vestlege land. Sosiologen og ein av dei fremste ekspertane på den norske velferdsstaten, Kari Wærness, hevdar at det spesielle ved denne modellen er at norske kvinner er sysselsett av det offentllege til å gjere det dei alltid har gjort; nemleg pleie menneske ved livets inngang og utgang. Dei har difor ikkje så høg utdanning og vel ikkje så ofte individualistiske livsstrategiar. Når vi da veit at vi står overfor ei snøgt aldrande befolking, og eit samfunn som av den grunn trugar med å gli ned i letargi og kreativ stillstand, og at samstundes tunge kvinnedominerte profesjonsinteresser er involvert i denne styrte «avviklinga av livet», er det da til å undre seg over at det skjer ein viss ideologiproduksjon i kjølvatnet av denne prosessen? Dette kan vere bakgrunnen for at ungdom og særleg unge menn i stadig større grad framstår som ein trussel og eit fiendebilete for dette aldrande stadig meir pleietrengande og lett autoritære samfunnet.

Det må vel difor vere lov å ta litt til motmæle mot den massive propagandaen som framstiller den norske kvinna som eit betre menneske enn mannen. Denne forestillinga er faktisk med på legge premissane for sentrale politikkområder. Og vi møter han i til dømes i Dagbladet sitt Liv-Magasin og prate-program på TV. Korleis artar så denne propagandaen seg? Vi høyrer mellom anna at kvinner er så mykje betre til å ordleggje seg, til å setje ord på kjensler etc. Det tilsvarer ikkje mi erfaring med norske kvinner. Eg er i alle fall ikkje særleg imponert. Mitt inntrykk er at desse verdas friaste kvinner viser mindre glede ved å uttrykke seg både kroppsleg og verbalt enn kvinner i meir tradisjonelle machosamfunn. Norske kvinner ser heller ut til å bruke fridomen sin til å sparke fotball. Det verkar til og med som om norske kvinner til og med i intellektuelle miljø ikkje har nokon særleg sans for å utforske røyndomen ved hjelp av språket. Kanskje botnar det at dei alt veit korleis denne røyndomen ser ut? Og kva skulle det eigentleg tyde at kvinner er så rasande flinke til å artikulere kjensler. Finst det eit eige språk for såkalla kjensler? Ørkeslaus hulking bringer vel korkje tanken eller verda vidare.

Vi høyrer også at kvinnene er så mykje meir tolerante og fleksible enn menn. Det høver også dårleg med mine og mange andre sine erfaringar. Tvert om opplever eg i alle fall mange norske kvinner som svært moralistiske og snare til å fordøme haldningar og meiningar. Ikkje har dei særleg sans for humor heller. No vil eg ikkje hevde at det står så mykje betre til hos Ola Normann heller, absolutt ikkje. Det går temmeleg traust og arkaisk for seg der i garden også, men at kvinnene skulle vere betre…..

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]


[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 20/07-95, kl. 21.13 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.