Den vaginale staten
Har den norske røyndomen eigentleg ei historie? Eit underleg spørsmål ville
mange hevde, men likevel. Spørsmålet trenger seg på og krev eit svar.
AV NILS LANGELAND
I Dag Solstads geniale Roman 87 sit hovudpersonen, som er nyutdanna
historikar, og førebur forelesingane sine i norsk historie ved Lillehammer
Distriktshøgskole. Han blir mest overvelda av det endelause konturlause
syttenhundretalet, som aldri ser ut til å ta slutt. Det er uråd å få tak på
det. Det flyt ut i kaloritabellar, sykliske rørsler og demografanes tørre
statistikkar. Det er ingenting mellom oss og fiskehjellane på svaberga av
granitt. Granitten er taus og ugjennomtrengjeleg. Det er ingen kulturell tåke
mellom vårt blikk og den naturlege røyndomen. Ingen tåke som kan føre fantasien
på avvegar, ingen avgrunnar, inga underside, inga tvetydigheit. Noreg er berre
natur.
Hegel ser verdsanden
I 1806 sit Georg Friedrich Hegel i sitt studerkammer i Jena. Napleons
massearmear har knust det beste ancien regime kunne by på, den prøyssiske hær.
Ut av vindauga kan han sjå Napoleon ri gjennom byen. Etterpå hevdar han å ha
sett verdsanden til hest. På dei golde blodstenkte slagmarkene blir kimen til
staten. Her openberrar staten seg i sanningas augneblink som kunst-verk, som
«sittliche Totalität». Som ein ein svak krusning etter Napoleons ville
ritt gjennom Europa blir nokre år seinare ein ny stat i den nordlege periferien
fødd.
Brutale maktformer
Det er Noreg, kvinnene sin stat, den naturlege staten. Det endelause
syttenhundretalet hadde funne sitt politiske uttrykk. Alle med eit minimum av
kjennskap til kvinner veit at kvinner instinktivt skyr opne plassar. Agora,
slagmarka, ekserserfeltet og Circus Maximum får liggje der golde og solsvidde
under Guds åsyn. I staden gjev dei rom til tanken og er åstad for logos, død og
æveleg ry. Kvinna føyer seg etter tida og rommet utan motstand. Kvinnene sin
stat er ikkje eit kunst-verk skapt av sanningas augneblink. I staden for
sedeleg totalitet er den naturlege staten i første rekkje ein omsluttande
totalitet. Det er staten som vagina, liv-mor. Den naturlege staten har den
ugjennomtrengjelege røyndomen som sitt fornemste maktmiddel. Og det er kvinnene
som forvaltar den norske røyndomen. Lik gudinner utan etternamn herskar Gro og
Anne i sin naive kynisme og vaktar røyndomen mot den farlegaste av alle fiendar
nemleg språket. Det er ikkje utan grunn at kvinnene nærer ein avgrunnsdjup
skepsis til språket. Innerst inne veit kvinnene at ordet ikkje lar seg binde
til naturen, men er ein legesoldat kvilelaust på vandring langs uendelege
skogstiar som trengjer gjennom alle timelege horisontar. Ordets list kan bringe
ironi og distanse inn i den naturlege røyndomen. Dei brutale maktformene
normalitet og intimitet tåler nemleg ikkje distanse.
Trollkvinnas snitt
Dei norske kvinnene har greidd å forme den norske mannen i sitt bilete. Den
ideale mannen er følgjeleg å likne med ein mild autist, eit stort varmt og
trygt dyr med underutvikla språk og med vulkanske uartikulerte
Faldbakkenkjensler skvulpande rundt i den svære skrotten. Berre slik kan
illusjonen om at seksualitet og fornuft skal gå opp i ei høgare eining
oppretthaldast. Den fornuftige seksualiteten forutset at mannen er redusert til
forvalta natur. Dette er samstundes norske sosialdemokratiske kvinners sin mest
avanserte utopiske draum. Hestehaleraddisen er den intellektuelle utgåva av den
norske mannen. Han er Peer Gynt som ikkje kom seg ut av Dovregubbens hall og
måtte tole det snittet i auga trollkvinna gav han.
Hestehaleraddisen er forplikta på ein type frådande sentimental moralisme. Han
veit at orda sin einaste funksjon er å utstøyte eintydige moralske kjensler.
Hans mentale habitus blir strengt regulert av ein lågkyrkjeleg psykologisk
økonomi. Og han praktiserer ein form for seksualisert opplevingsteologi i
tilhøve til sin omgjevnad. I sentrum av hans fysiologisk-moralske system står
dette vakre ml-ordet «vettug». Den norske intellektuelle mannen er framfor alt
«vettug». Hestehaleraddisen har gjerne vore eitt år i Latin-Amerika. Han liker
etnisk jazz, diggar soulmusikk og kunne faktisk ha vore eit ihuga medlem av
Oslo Gospel Choir. Hestehaleraddisen stemte nei til EU fordi han meiner Noreg
er det rikaste landet i den tredje verda.
Kjøteren gløymer ikkje
Av og til klarar tankepolitiet å oppspore nokre forhutla skapningar som fristar
tilveret i utkantane av den norske røyndomen. Her finn vi kjøteren. Kjøteren er
ein tragisk figur som vaklar rundt på dei opne flatene med 17 halvlitere
innabords. Kjøteren må med stoisk ro betrakte sin eigen undergang. Kjøteren er
den evige mann, den europeiske mannen. Kjøteren har falt på alle Europas
slagmarker. Kjøteren møter døden med eit flir og magen full av gulasj og dårleg
brennevin. Kjøteren sang Its a long way to Tipperary på veg til Somme.
Kjøteren veit at ei varm kvinne og eit varmt måltid er forgjengelege goder og
ikkje tilverets mål og meining. Svimlande halvvforrykt gjennom lystunnelen frå
Parthenon til masomnane i stålbyen Magnitogorsk har kjøteren i den eine
fantasmen etter den andre gjennomført revolusjonar, bygd imperier og tenkt
individet til sin yttarste grense for så å falle til ro som melankolikar under
normalitens herredøme, men kjøteren har ikkje gløymt det eventyrlege.
[Hjem][Søk][Hjelp] [Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne]
Artikkel automatisk generert, 02/06-95, kl. 01.10
redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.