[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Når vondskapen ikkje er egoistisk:

Vondskapens Problem

AV JON HELLESNES

Ei vondskapsfull handling går ut på å skade, pine eller drepe. Den emosjonelle kjelda er illvilje. Kva slags ovring dette er, kan vi drøfte utan at vi dermed treng å gå inn på eit anna spørsmål, nemleg dette: Har det ikkje vist seg at ein godvilje på avvegar er eit større trugsmål for folk flest, at ønsket om å verkeleggjere himmelen på jorda nettopp har fått helvete fram? Eg er sjølv overtydd om at ein godvilje på avvegar er forferdeleg. Men no er det likevel vondskapen som er emnet.

Sjølvløyse og egoisme

Motivasjonen ved vonde handlingar er å valde størst mogeleg skade. Vinningsmotivet er underordna. At gjerningsmannen (eller -kvinna) sjølv kan kome til å lide tap, - ja, at han (eller ho) kan kome til å gå under i dragsuget etter ugjerninga, er stundom kalkulert inn på førehand. Det dreiar seg då om tap for alle partar. I så måte er handlemåten lite «økonomisk». I slike tilfelle er handlemåten ikkje egoistisk, men snarare ueigennyttig.

Tanken om at vondskapen kan innebere ei form for sjølvløyse eller ueigennytte, vil venteleg provosere mange. Vanens makt vil ha oss til å identifisere vondskap og egoisme. Det tradisjonelle bildet av ein vond person viser ein som set eigennytten gjennom på kostnad av andre. Men eg meiner altså at det finst både vonde og ikkjevonde sjølvlause handlingar og dessutan både vonde og ikkje-vonde egoistiske handlingar. Klargjeringskrafta til omgrepet egoisme er i det heile sterkt overvurdert. Eg går ut frå at det særleg er den delen av standpunktet mitt som gjeld dei vonde ueigennyttige eller sjølvgløymande handlingane som verkar merkeleg, og at det er her eg må sette inn forsvaret.

I bok 9 av «Den nikomakiske etikken» nemner Aristoteles at eit vondskapsfullt og dårleg menneske er lite glad i seg sjølv, for der er så lite å vere glad i. Det at den vondskapsfulle ønskjer andre ilt, betyr ikkje at han vil seg sjølv vel. I De ira kjem Seneca inn på den sjølvlause vondskapen. Men i Immanuel Kants vidgjetne drøfting av det radikalt vonde i den menneskelege natur frå 1793 er det egoismen som kjem i framgrunnen. Kant reknar det å gjere det vonde for det vonde si eiga skuld for diabolsk og såleis uoppnåeleg for menneska. Derimot dukkar tanken om ein ueigennyttig vondskap opp hos Hannah Arendt i samband med granskinga av massebasisen for dei fascistiske rørslene i Italia og Tyskland. Ho fann at sjølvløysa var eit gjennomgåande sosialpsykologisk kjennemerke. Resultata finst i eit av storverka hennar: «The Origins of Totalitarianism» (1951).

Den meir vanlege oppfatninga om at vondskapen alltid er egoistisk, er - etter mitt syn - uhaldbar, men forståeleg ut frå moralfilosofiens ønske om å hente det nifse inn i eit kjent mønster, for egoismen er trass alt formålsrasjonell.

Ei anna overforenkling går ut på å redusere vondskapen til psykopatologien. Den metafysiske fordommen om at vondskapen er sjukleg, føreset standpunktet om at mennesket i røynda er godt. Psykologiseringa er i dette tilfellet ei flukt frå både bevisbyrda og ein del utrivelege kjennsgjerningar

Ein metafysisk fordom viser seg også i iveren etter å redusere vondskapen til feltet for dei samfunnsvitskaplege forklaringane. Men om vi ikkje kjem i mål med ei samfunnsvitskapleg tilnærming heller, så kjem vi i det minste eit stykke på veg. For ingen kan nekte at der er ein samanheng mellom sosialt elende og eit høgt valdsnivå.

Sosialt elende inneber eit stort valdsproblem

No er det - som Nietzsche peika på - mest ingen grenser for kor mykje elende og liding menneska kan finne seg i, så lenge det finst ein religiøs ideologi med truverdige svar på kvifor somme skal pinast og andre velsignast, kvifor somme er fattige og andre rike, somme mektige og andre vanmektige. Men krisa er der, straks det manglar svar. Nietzsche såg for seg at nihilismen ville kome til å sette seg gjennom i løpet av det 20. hundreåret, og at dette ville løyse ut drapsvilje og store blodbad. Han meinte at fælska ville halde fram utover i det 21. hundreåret.

I ei sekularisert verd vil arbeidsløyse, fattigdom og grå keisemd bli meir og meir vanskeleg å halde ut. (Dette er eit emne eg går nærmare inn på i boka mi «På grensa: om modernitet og ekstreme tilstandar».) Noko skapande initiativ er ikkje å vente frå folk som har ei sosialiseringshistorie med mishandling og ein unntakslaus serie med tap og fornedring bak seg. Tilværet deira er meiningslaust og utan håp. Og dei veit det sjølve.

Kva alternativ er det då som byr seg fram? Dei elendige kan søkje døden, - anten direkte i form av sjølvmord eller indirekte gjennom harde narkotiske stoff. Dessutan kan dei la tankane sine forsvinne i ein mytisk visjon. Men det er fare for at ein del nettopp vil hamne på vondskapens veg, dvs. dei seier nei til livet, både livet til dei vellykka, livet til dei andre elendige og til seg sjølv. Dei slepper laus eit raseri fylt av hemntrong, nag og hat. Siktemålet er å valde så stor skade som råd er. Alt frå tilfeldig vandalisme mot offentlege bygg til blind vald kjem på tale. Den gleda dei då får i livet, er skadefryd og sadistisk ekstase.

I stadig fleire delar av verda formar det seg væpna grupper som har lite på programmet ut over å drive med rov, mord og plyndring. Kor vidt ein skal kalle stridane mellom slike grupper for borgarkrig - slik Hans Magnus Enzensberger gjer

er vel eit ope spørsmål. Frontane er iallfall uklare. I den eskalerande prosessen av vald og vilkårleg dreping er der med både etterretningsgrupper og terroristar, narkobandar og dødsskvadronar, skinheads og nynazistar i tillegg til vanlege menneske som forvandar seg til berserkar og massemordarar over natta. Taparar skyt på andre taparar.

Eit samfunn med stor arbeidsløyse og eit minkande trygdebudsjett, eit såkalla 2/3samfunn, har eit aukande valdsproblem. Ein må anten vere svært sentimental eller ha mykje historie-metafysikk i hovudet sitt, om ein trur at undertrykte menneske alltid er på veg mot eit betre samfunn.

Det ein får tak i når ein søkjer forklaringa i dei sosio-materielle forholda, er berre ei del forklaring. Men den er viktig nok. Og den gir ei melding som er heilt klar: For å få mindre av blind vald og dreping må ein slutte med å løyse økonomiske problem ved å drive folk ut av jobbane sine og såleis auke arbeidsløysa og fattigdommen. Men det er kanskje vanskeleg å slutte med dette innanfor ein kapitalistisk økonomi? I så fall har vi her eit tungtvegande argument mot kapitalismen.

Fører materialistiske forklaringar til orsaking av kjeltringane?

Anten den er grundig eller berre skissemessig vil ein materialistisk analyse gå ut på at dei valdelege individa handlar ut frå ein sosio-materiell og ideologisk situasjon dei på ingen måte er ansvarlege for. I så måte vel dei ikkje vondskapen. Dei blir snarare overmanna av den. Den materialistiske analysen kan klargjere dei ulike stadia i denne prosessen relativt detaljert. Men den moralfilosofiske kommentaren blir fort slik: «Dersom materialistiske analysar er adekvate, så inneber det at vondskapen ikkje finst. For det gir berre meining å vurdere ein handlemåte som moralsk vond, dersom aktøren stod fritt til å gjere det han faktisk har gjort."

Dersom ein endar opp med den moralfilosofiske ideen om at vondskapen ikkje eksisterer, og dersom denne ideen breier seg hos andre enn moralfilosofar og fester seg i miljøa for kriminologi, sosialarbeid og velferdspolitikk, så fører den fort med seg ein tanke til, nemleg denne: «Dei fattige valds- og drapsmennene er ikkje så ille som det blir sagt. Det er først og fremst synd på dei. Dei er hjelpetrengande.» Og når den tanken har fest seg, er det freistande å ignorere offera. Det er brotsmennene som einsidig er i fokus som hjelpetrengande. Den fangevennlege innstillinga blir ofte med full rett - tolka som ein hån mot offera, - både mot dei som er drepne og mot dei som sit rallande i ein rullestol.

Dei som derimot tar inn over seg den lidinga som offera har gått gjennom, vil vere motiverte for å forkaste både den nemnde moralfilosofien og den materialistiske tilnærminga. I staden vil dei tenke slik: «Ein aktør er djupast sett fri og dermed ansvarleg. Ein kvar som er tilrekneleg i rettspsykiatriens forstand, skal dragast til ansvar for ugjerningane sine og dømmast for dei - både juridisk og moralsk.» Då ønsker ein ikkje å vite at gjerningsmennene hadde og har ein håplaus situasjon, og at dei ikkje kjenner noko anna enn vald og fornedring. I staden gir ein seg sjølv lov til å ha den kjensla av forakt og kvalmande avsky som fort melder seg ved synet av desse ungdommelege skalleknusarane og knivstikkarane som er like drapskåte som dei er feige.

Kvifor ikkje både og?

Kvifor kan ein ikkje både fordømme dei sadistiske valdsverka og vere open for at dei sosio-materielle og ideologiske forholda har vore med på å drive dei fram? Denne både-og-innstillinga har faktisk vore å finne i den marxistiske tradisjonen. Ut frå den historiske materialismen er det slik at det såkalla filleproletariatet og den fattigaste delen av småborgarklassen seiest å vere disponert for svikefulle og destruktive handlemåtar. Analysen av stillinga deira i produsjonsprosessen minka ikkje intensiteten i fordømminga. Forakten for filleproletariatet og småborgarklassen har vore karakteristisk for marxismen. Håpet blei i staden knytt til industriarbeidarklassen.

At ein godtar materialistiske forklaringar, samstundes som ein held fast på den negative moralske dommen over valdsverka, inneber at ein gir seg sjølv og samfunnet rett til strenge mottiltak. Ein vil sjå det slik at det er offera som skal ha hjelp.

Må vi velje anten eller? Er både-og-innstillinga inkonsistent? Er både og-innstillinga i marxismen eit av døma på irrasjonaliteten i denne tenkemåten? Eg meiner at svaret på ingen måte treng å vere ja. Diskusjonen om kva som er konsistent og inkonsistent i denne saka er opna på nytt i og med «Facing Evil» (New Jersey: Princeton U.P. 1990) av John Kekes. Forfattaren stiller etikkens grunnproblem i ein ny og svært valdeleg kontekst. Eg kan vanskeleg sjå korleis strafferettsjuristar og samfunnsvitskaplege valdsforskarar kan styre unna denne boka utan å tape noko vesentleg.

Det å gå med på at vondskapens problem har ei sosio-materiell side, er å vere på vakt mot ein kvar politikk som aukar arbeidsløysa og det sosiale elendet, og som går ut på at det må bli verre før det kan bli betre, kort sagt: nyliberalismen.

Men det å sjå ein materialistisk analyse som uttømmande er dogmatisk materialisme. Denne ideologien kjem til uttrykk i f.eks. forsøka på latterleggjering av den filosofiske interessa for vondskapens problem. Denne innstillinga er kanskje likevel endå verre enn nyliberalismen. I beste fall endar den som ein politisk vanmektig nostalgi kring eit totalisert omgrep om politikk. I verste fall blir mange ihuga og tar sats i retning av Den Endelege Løysinga.

Når den totalitære lengten herjar og Det Gode Samfunnet skal innførast, er det verkeleg fare på ferde. For som eg var inne på i innleiinga, er ein godvilje på avvegar truleg det aller verste.

bt:

«Kjensla av forakt og kvalmande avsky melder seg fort ved synet av ungdommelege skalleknusare og knivstikkare som er like drapskåte som dei er feige.» (Tegning Sig. Rudi)

Bildeboks:

Hellesnes diskuterer voldsproblemet som ondskap. Artikkel er skrevet før terrorhandlingen i Oklahoma eller gassangrepene i Japan har en nærmest profetisk klarhet. Om gjerningsmennene sier han: «Dei slepper laus eit raseri fylt av hemntrong, nag og hat. Siktemålet er å valde så stor skade som råd er. Alt frå tilfeldig vandalisme mot offentlege bygg til blind vald kjem på tale.» (Foto: Fidel A. Corda)

[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]


[ Hjem ][ Søk ][ Hjelp ] [ Samfunn | Kultur | Zone | Opinion | Bøker | Ute & Inne ]
Artikkel automatisk generert, 20/05-95, kl. 19.00 redaksjon@morgenbladet.no
Copyright © Morgenbladet og Oslonett AS.