[Forrige artikkel] [Indeks] [Neste artikkel] [CW hjemmeside]

Primitiv prosessor og professortru


IT-teknologien vil kløyve folket i eit A- og B-lag, meiner statsråd Hernes. Men tenk om det er barna utan PC og dugeleg prosessorkraft i heimen som vert vinnarane, slik den datakunnige meinte i Computerworld? Vil Hernes og co ha datafagleg kunnskap nok til å forstå IT-drøfting på andre premissar enn sine eigne?

Vi har fleire Internet-brukarar og kjøper dyrare datamaskinar i norsk skule og difor ligg vi framom andre, tykkjest vera ei endefram ministertru. Med same primitive prosessor- og professortru sklle Statoil vera framifrå med høste årlege IT-kostnader (ca. 150.000) for kvar tilsett. Sanninga er annleis. Mongstadprosjektet vart det med IT-støtta og vanstyrte prosjekt i vår tid. Den primitive «størst og best»-trua vi nå røyner røper snarare ein toske- og stormannsgalskap særmerkt for nyrike.

Condeep-«grafen» i Gannsfjorden snudde, som vi hugsar, demonstrativt på ein femøre og openberra derme uvettig bruk av prosessorkraft. Og stor prosessorkraft kan aldri rå bot på skort på menneskeleg forstand. Det er visdom utan unntak. Animerte grafiske framsyningar i dunkel belysning mot opplyst vegg er like ofte døme på meiningslause IT-manipuleringar i denne misbruken eg fryktar samfunnsforskar Hernes mykje vil nøre opp under. Den praktiske evna dalar snarare i takt med dei oscillerande IT-kurvene. Industrireising og verdiskaping kan vera ei heilt anna og verdfull IT-grein å hegna om. Meir omsorgsfullt samliv og større forstand på «menneskeuniverset» får vi heller aldri med slik IT-bruk. Bruk heller prosessorkrafta på stjernehimmelen og sjå kor langt det rekk. «Eit stort steg for menneskeheten», sa Armstrong på månen. Det vart meir eit pust i sivet, og no vonar vi på sjumilssteget.

Generelt er teknologisk utvikling så positivt at særleg pressa vil meine at drøfting av IT-spørsmål er bakstreversk. Slike tankar har til dømes Dagbladet målbore. Dette er ei grov mistyding og avsporing. For IT-teknologien er særmerkt på den måten at han er eigna til å brukast og misbrukast med same iver og glød. IT-teknologien er til dømes framifrå til å byggja ned store uproduktive einingar. Desentralisering er her eit stikkord for vettug bruk av IT. Men sentralisering, byråkratisering, kontroll og styring, dette er kva makt- og systempolitikarane elskar å misnytta teknologien til. Teknologibruk er såleis ikkje det negative, snarare tvert om. Men det er Hernes og co sine premissar som er mitt ankepunkt. Her er helsa og utdanningssystemet gode eksempel på politiske system som bør ope drøftast.

Det er også grunn til å drøfta prosessor og professortrua generelt og kyrkje- og utdanningsministeren sitt menneskesyn spesielt. Det siste ope lektor Gunhild Hoem for i Dagbladet søndag 1. oktober i kronikken «Hernes'reaksjonære menneskesyn». Lektor Hoem meiner rett ut at Hernes med sitt menneskesyn utarmar skulen sitt indre liv. Vidare meiner ho å registrera maktovergep frå Hernes tufta på ein «ideverden» og et tankeklima som nåtidens mennesker er i ferd med å frigjøre seg fra». Dette er sterke ord. Og eg meiner den særmerkte elsken for teknologi som styringsverktøy kan vera symptom på noko av den same primitivismen.

Hernes vil neppe protestera mot å verta kalla maktpolitikar. Men dersom makta vert ein misbruk av IT-teknologien? Får vi ikkje då maktmisbruk, og inkje anna? Det er denne primitive prosessor og professortru som Hernes er fremste talsmann for eg ottast og undrast kvifor ikkje vert ope drøfta.

Jostein Laugaland, lærer og IT-leder

epost: jl@hauk.hsr.no

[Forrige artikkel] [Indeks] [Neste artikkel]


[Image map not available]
Artikkel automatisk generert, 27/10-95, kl. 17.29 cw@oslonett.no